lørdag 13. november 2010

Bloggoppgåve 2 - Ambassadørane

På 1400- og 1500-talet oppstod det ei kulturell blomstringsperiode, der ein fornying av den antikke kultur dominerte. Det skjedde ein ”gjenføding” av interessa for kunst, arkitektur, vitskap og litteratur i frå oldtidas Hellas og Roma. Denne tida innleias som renessansen.



I renessansen begynte kunstnarar å framstille menneskeskikkelsen med meir realisme og nøyaktigheit. ”Ambassadørane” er eit av dei mest berømte maleria i frå renessansen. Bilete vart mala i 1533 av den kjente kunstnaren Hans Holbein.
Maleriet avbildar to franske diplomatar. Han til venstre i bilete (Jean de Dinteville) er kledd i full aristokratisk drakt, mens han til høyre (De Dinteville) bærer ein meir asketisk drakt som vart typisk for tidas lærde. Bilete visar derfor to ideologiske motpolar i samtidskulturen.

”Ambassadørane” gir ein god illustrasjon på korleis livet vart på denne tida, og maleriets mange avbilda gjenstandar representerar og karakteriserar renessansen som tidsepoke. Til dømes liggar det ein jordglobus på nedste del av hylla. Den visar til tidas mange geografiske jordomseglingar og oppdagingsferder til sjøs (Columbus ferd til Amerika). Den kan også være ein stadfesting på at jorda vart rund. Samtidig kan himmelglobusen på øvste hylle symbolisere at interessa for astronomi vart stor. Maleriet inneheld også fleire instrumenter som kan tyde på at musikk og harmoni også vart viktig på denne tida.

Heilt i front av bilete kan me oppdage ein perspektivforvridd hovudskalle. Hovudskallen symboliserar døden, og det kan tyde på at det vart mange ulike synspunkta og meininga angåande liv, død og tru. Samtidig vart det ein strid mellom kristendom og islam, som førte til mange øydeleggingar. Denne striden bidrog til tidas alminnelege dødsbevisstheit.

Kjelder (Lesedato: 12.11.2010)


http://portal.samlaget.no/menypunkt.cfm?mpid=1489,2558&lid=1

http://no.wikipedia.org/wiki/Renessansen
Haaberg, Jon (2007). Verdenslitteratur Oslo: Universitetsforlaget.