torsdag 4. februar 2010

The Notebook


The Notebook er produsert av Nick Cassavetes, og ble gitt ut i 2004. Hovudpersonane i filmen er Ryan Gosling og Rachel McAdams.

Filmen er før, under og etter 2. Verdskrig i ein amerikansk sørstat for ca. 60 år sida. Handlinga går føre seg på to tidsplan. I nåtid handlar det om ein gammal mann, Noah, og ei Alzheimer – ramma kvinne, Allie, som bor på eit sjukehus. Noah forteljar ein kjærleikshistorie for hennar ved hjelp av historier og minner som han tidligare har nedfelt i sin gamle notatbok. Allie blir gradvis oppslukt av handlinga, og vil vite korleis forholdet mellom det forelska paret i boka ender. Historia som Noah forteljar er deira eigen kjærleikshistorie.

Filmen handlar om ein kjærleikshistorie i begge ender av livet. Det skjer eit scenebytte i filmen, og historia begynner med to heilt forskjellige menneske som møtast og blir forelska. Noah som er ein fattig sagbruksarbeidar, møtar sommargjesten Allie, som er ei jente med ein rik bakgrunn. Saman tilbringer dei ein uforgløymeleg sommar, og begge opplevar sin første store kjærleik. Etter sommaren, skillast deira veier. Foreldra til Allie aksepterer ikkje forholdet hennar, fordi forskjellen mellom dei er for stor. Krigen gjer også forholdet vanskelig, og det går fleire år før dei møtast igjen. I mellomtida har Allie funnet ein anna mann, men hennes sterke kjærleik til Noah, fører dei saman igjen.

The Notebook er ein god film med gripande historie, og for meg, er den ein av dei beste filmane eg har sett. Temaet i filmen kan vere like aktuelt i dag, fordi vi finner store forskjellar på fattig og rik i dagens samfunn. The Notebook går under sjangeren romantisk drama, og målgruppa er vel derfor mest unge jenter.

Eg vil gi The Notebook terningkast 5 ! ;)

Nedenfor er traileren til The Notebook :) :



Kjelder:

* http://www.dagbladet.no/kultur/2004/11/04/413433.html
* http://www.filmweb.no/trailere/article70440.ece
* http://www.platekompaniet.no/Film.aspx/DVD/Dagboken/?id=801266

Bildar:
* http://mymoviebanners.com/pics/notebook/the-notebook-2.jpg

1 kommentar:

  1. Eg elskar denne filmen!! Ein skikkeleg kjærleikshistorie! :)Fin analyse du har laga :)
    Ta gjerne med peikare/hyperlenker i innlegget ditt.Det same med kjeldene dine; lag dei meg hyperlink slik at lesaren kan ble ført vidare til andra stader på nettet :)Det er og nokre språkfeil.

    SvarSlett